Minneord Kåre Furnes:

- Vi har mista eit anker

Kåre Furnes frå Måløy døydde brått og uventa onsdag 9. april.

Publisert Sist oppdatert

Då hjartet stansa vart påskefesten han ville lage for sine næraste på Husevågøy avlyst. Ein familie i sjokk og sorg måtte i staden bruke høgtida til å forstå det uverkelege. Dei hadde mista ankeret i familien.

 

Etter gymnas i Sogndal fekk Kåre Furnes sin første jobb som journalist i Fjordenes Tidende i 1975. Her jobba han i ti år, til 1985. Då blei han journalist på Sunnmørsposten sitt lokalkontoret i Måløy i eit par år. Han hadde ein kort tur innom fiskerisjefen sitt kontor i Måløy og Fiskebåtredernes Forbund sitt kontor i Ålesund. I 1990 han fekk tilbod om jobb som ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende. Kåre tok då over etter den legendariske avisredaktøren Per Gunnar «PG» Larsen. Det blei ti nye år i måløyavisa, no som redaktør.

 

I 1990 hadde han fått ein fot i fiskeribransjen som medeigar i linebåten Fernando. I 2000 slutta han i lokalavisa og gjekk over i full stilling som reiar for denne båten. No ville han jobbe med å utvikle fiskeriselskapet. Det gav frukter og resulterte i fleire og større kvotar. Det igjen førte til to nye linefartøy, Polarbris og Atlantic og til det som i dag høyrer inn under Atlantic Seafish AS. Dette blei hans nye kvardag til han selde seg ut og slutta i dette fiskeriselskapet i 2016.

Kåre har hatt fleire fiskerirelaterte verv, blant anna formann i Sogn og Fjordane Rederiforening og styremedlem i Fiskebåt Vest i mange år. Han hadde styreverv i frivillige organisasjonar, stiftingar og ulike bedrifter. Han var mellom anna ein av pådrivarane til fiskerimuseet i Måløy. I 2014 var han pådrivar for å etablere selskapet Ecobait som skulle utvikle eit nytt agn basert restråstoff frå fiskeflåten. Han produserte også magasinet «Fiskebåtrederen» i mange år etter at han slutta i Fjordenes Tidende.

 

Kåre var styremedlem i Sparebanken Sogn og Fjordane i nesten 10 år, fleire av desse åra som nestleiar. Det siste tunge vervet han hadde var 9 år som styreleiar i verdas største linebåtreiarlag, Ervik Group med base på Stadlandet. Dette vervet hadde han til han gjekk bort. Konsernleiar Robert Ervik seier Kåre har tilført Ervik Group viktig kompetanse og kunnskap, og vil takke han for innsatsen.

 

Livet til Kåre har handla mykje om media og fiskeri. Men viktigast for han har alltid vore sine næraste. Familien har mista ein som alltid sa ja, alltid stilte opp med eit smil. Dei har mista ein som spreidde latter og glede rundt seg. Frå stua heime på Gotteberg i Måløy hadde Kåre panoramautsikt til hamna og skipsleia. Kikerten var flittig brukt og han viste namnet på nesten alle båtar som passerte og som låg ved kai. At Kåre har betydd mykje for mange viser det hav av helsingar og kondolansar som familien har fått etter at han døydde. Kåre hadde mange vener. I sosiale lag blei Kåre ofte midtpunktet med sine gode historier og gode analyser.

 

Sjølv hadde eg glede av å jobbe saman med Kåre som journalist i mange år. Han var ein god kamerat heilt til det siste møte med han, timar før han døydde før påske. Kåre var ein fantastisk person. Han var eit godt medmenneske, ein god inspirator, leiar og læremeister.

 

Kåre var engasjert og skapte engasjement. Han var kunnskapsrik. Spesielt innan fiskeri så kunne og visste han mykje. Kåre bidrog fleire gonger til å sette dagsorden nasjonalt. Saker han jobba med var med å endre fleire lover og reglar i norsk fiskerinæring. Han hadde eit stort nettverk som lytta når han ytra seg. Kåre var flink å sortere og prioritere kva som var viktigast for lesarane. Han ville at alle stemmer skulle sleppe til. Han skreiv glitrande kommentarar og leiarar. Han hadde eit levande, frodig og forståeleg språk.

Kåre starta livet sitt i fjøresteinane i Furneset på Husevågøy. Han avslutta det i dette sitt barndoms paradis så altfor tidleg like før påske. Kåre etterlet seg kone, to barn, to svigerbarn og fem barnebarn. Den profilerte mediemannen og fiskebåtreiaren blei berre 69 år. Norsk media har mista ei stor og viktig stemme. Norsk fiskerinæring har mista eit viktig anker.

Takk for alt, gode Kåre.

 Erling Wåge

Kollega og kamerat