Regjeringa vil styrkje eksportarbeidet i Mattilsynet med 5 millionar for å nå nye marknader for norsk sjømat. Bildet er fra sjømatbuffeten på den norske paviljongen på Seafood Expo Global i Barcelona.

Styrkja eksportarbeid for norsk sjømat

Norsk sjømat er ei viktig eksportvare. Regjeringa vil styrkje eksportarbeidet i Mattilsynet med 5 millionar for å nå nye marknader for norsk sjømat.

Publisert

– Sjømatnæringa er ein av våre største og viktigaste eksportnæringar. Vi har over tid hatt ein stor vekst i produksjon og eksport av sjømat. Samstundes ser vi at marknadene stadig stiller nye krav til næringa. Vi øyremerker derfor 5 millionar kroner til Mattilsynet sitt arbeid for å nå nye marknader og legge til rette for at eksporten skal auke også framover, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Eksport av sjømat

Eksport av matvarer utgjer ein stor del av norsk eksport. Hovudsakleg vert detB eksportert sjømat, men også landbruksvarar. Mattilsynet har ei avgjerande rolle i arbeidet med eksport av mat til land utanfor EU. Mattilsynet har vorte tildelt stadig fleire oppgåver, også som følgje av veksten i havbruksnæringa og krav om auka tilsyn. Manglande ressursar gjer at Mattilsynet ikkje har god nok kapasitet til å følgje opp nye og endra krav for å leggje til rette for auka eksport.

Regjeringa ønskjer med 5 millionar kroner å styrkje Mattilsynets arbeid slik at eksporten vert mindre sårbar i møte med endra krav frå landa det vert eksportert til. Midlane vert øyremerkte Mattilsynet sitt arbeid med marknadsadgang.

Regjeringa si målsetjing om auka eksport

Regjeringa har i Hurdalsplattforma og med reforma «Hele Norge eksporterer» sett seg som mål å auke norsk eksport, utanom olje og gass, med minst 50 prosent innan 2030. Sjømat utgjer med god margin hovuddelen av norsk mateksport. Regjeringa understrekar at auka ressursar til marknadsarbeidet for sjømat i Mattilsynet er viktig for å nå målet med «Hele Norge eksporterer».