Åpner 14 nye elver for laksefiske – dette er de nye reglene:
14 tidlegere stengte elver blir åpnet for fiske i år. Det blir fortsatt ikke åpnet for laksefiske i sjø utenfor Tanavassdraget.
Det melder Miljødirektoratet i en pressemelding.
– 14 vassdrag er no opna for fiske etter laks, sjøaure og sjørøye, etter at tidlegare manglande rutinar for å rapportere om fangst no har komme på plass, seier direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro.
Dei 14 nyopna vassdraga er blant 22 vassdrag i heile landet, og to sjøregionar i Nordland og Finnmark, der Miljødirektoratet no har fastsett endringar i laksefisket. Endringane gjeld fiske etter laks, sjøaure og sjørøye.
Lytta til innspel
Miljødirektoratet sende et forslag om laksefisket ut på høyring tidlegare i år, og har gjort nokre endringar på bakgrunn av innspel. Blant anna gjeld dette i elvane Røssågavassdraget i Nordland. Her vart det opphavleg foreslått å ikkje opne for fiske etter laks, på grunn av sårbar laksestamme og lite overskot å hauste av. Etter forslag frå lokal forvaltning blir det i staden innført ein totalkvote for vassdraget på 20 smålaks.
I Saltdalselva blir det i tråd med det tidlegare forslaget ikkje opna for fiske etter laks. Grunnen er at tilstanden for laksebestanden er dårleg, og eit vidare fiske er derfor ikkje forsvarleg. Fordi talet på gytefisk av sjøaure har gått mykje ned, blir det også innført restriksjonar i fiske etter sjøaure i vassdraget.
Tanalaksen treng framleis vern
Direktoratet fører vidare føresegna om å ikkje opne for fiske etter laks, sjøaure og sjørøye med fastståande reiskap i sjø i Berlevåg, Tana og Gamvik, og dessutan ytre delar av kommunane Lebesby og Nordkapp.
– Fleire av dei viktigaste laksebestandane i Tanavassdraget i Finnmark har ikkje noko haustbart overskot, og treng derfor framleis vern, seier miljødirektør Ellen Hambro.
Reduserer fisket med stong og handsnøre frå båt i Skjerstadfjorden
Sidan 2021 har det ikkje vore opna for fiske med stong og handsnøre frå båt i perioden 1. mars til 31. mai i heile Nordland fylke. For å redusere den samla belastninga på sjøaure og laks som høyrer heime i Saltdalsvassdraget, blir denne føresegna utvida til å gjelde ut juni i Skjerstadfjorden.
Justeringar i elv
Dette er dei 14 vassdraga som blir opna for fiske etter laks, sjøaure og/eller sjørøye:
Agder: Lundeelva.
Møre og Romsdal: Skorgeelva.
Nordland: Hopsvassdraget, Movassdraget, Vareidvassdraget, Brattlandsvassdraget, Konsvikvassdraget, Kista med Østerdalselva, Oldervikelva (Rødøy), Segeråga, Sørfjordelva, Storfjordvassdraget og Olderfjordelva.
Troms og Finnmark: Lavangselva.
Hotranvassdraget i Trøndelag blir ikkje opna for fiske.
I desse vassdraga blir justeringar gjorde i føresegnene:
I Rauma i Møre og Romsdal blir totalkvote for vassdraget redusert.
I Sausvassdraget i Nordland blir perioden ein kan fiske laks og sjøaure utvida, og det blir innført totalkvote for vassdraget.
I Røssågavassdraget med Leirelva blir det innført totalkvote for vassdraget, og døgn- og sesongkvote per fiskar.
I Saltdalsvassdraget i Nordland blir det ikkje opna for fiske etter laks. I tillegg blir det innført sesongkvote og andre føresegner for fiske etter sjøaure.
I Borgevassdraget i Nordland blir det innført geografisk avgrensing for kvar det er opna for fiske.
I Helosvassdraget med Lyngedalsvassdraget i Nordland blir endra kva delar av vassdraget det er opna for fiske etter aure og røye. I tillegg blir det innført kvotar.
I Lakselva (Porsanger) i Troms og Finnmark blir det innført sesongkvote per fiskar.