21 millioner kroner i ekstraordinært tilskudd til kystrekeflåten
Regjeringa foreslår i budsjettet for 2023 å løyve 21 millionar kroner til ei ekstraordinær tilskotsordning for kystrekeflåten i 2023.
– Dette er eit svært viktig og gledeleg tiltak, som vi håper kan få næringa over kneiken, seier leiar Kåre Heggebø i Norges Fiskarlag i en pressemelding.
– 21 millionar til ei ekstraordinær tilskotsordning for kystrekeflåten er eit svært velkoment tiltak frå regjeringa, sier Kåre Heggebø.
– Svært utfordrende driftssituasjon
Det har i lang tid blitt peika på at rekeflåten i Sør-Norge har ein svært utfordrande driftssituasjon, der særleg drivstoffprisane har vore krevjande å handtere.
I pressemeldinga om saka frå regjeringa blir det peika på at samanlikna med andre delar av fiskeflåten er flåten som fiskar etter kystreke i ein særskild krevjande situasjon grunna nettopp dei høge drivstoffprisane det siste året.
– I budsjettet prioriterer regjeringa tryggleik og rettferdig fordeling. Situasjonen for kystrekeflåten er framleis krevjande i lys av dei høge drivstoffprisane og den aukande CO2- avgifta. Denne ordninga vil venteleg kunne avhjelpe på den økonomiske situasjonen for flåtegruppa og bidrege til at fleire fartøy gjennomfører fisket, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.
Garantikassen skal administrere
Tilskotsordninga vil administrerast av Garantikassen for fiskarar. Det blir no arbeidt med å sjå på korleis ordninga kan innrettast og kva vilkår som må vere oppfylte for å få tilskot, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet i meldinga.
Kåre Heggebø seier Fiskarlaget vil gå i dialog med departementet for å få ei avklaring så snart som råd om korleis flåten kan få så rask hjelp, for å avhjelpe den krevjande likviditetssituasjonen som mange er i i denne flåtegruppa.