Krever at Gadus Group fjerner all oppdrettstorsken sin øyeblikkelig
Etter flere alvorlige hendelser med rømming av torsk ved et oppdrettsanlegg i Volda krever nå Naturvernforbundet at all oppdrettstorsk fra Gadus Group AS tas opp av sjøen, og at framtidige utvidelser av næringa settes på vent.
Det melder Naturvernforbundet.
– Vi har gjennom pressa fått vite at Gadus Group AS / Sunnmøre Torsk AS sitt fiskeanlegg ved Alida i Volda har hatt 2 eller 3 tilfelle av hol i merdene dei siste par vekene, skriver de.
Vil ha opp all torsken
Naturvernforbundet krev no at all torsk som Gadus Group har i merdene i Volda og andre stader må takast opp av sjøen med ein gong, og at alle søknader om torsk i merd som ikkje er komen så langt at det er torsk i sjøen, må setjast på vent til ein har fått klårlagt, tatt stilling til og løyst problema som no har kome fram.
Påklaga i vinter
Konsesjonen ved Alida blei klaga på av Naturvernforbundet ved årsskiftet. Då det blei sett ut merder og fisk i påska, før klaga var handsama, sette Naturvernforbundet fram krav om oppsetjande verknad av denne klaga. Eit sentralt tema i klaga har vore at viss tam torsk rømmer og får høve til å blande seg med vill torsk, så har det ukjende konsekvensar for kysttorsken.
Føresetnadene stemmer ikkje
Gadus Group AS hevda i sine søknader at:
- torsken var ved avl ikkje lenger interessert i å bryte seg ut av merdene
- merdene var spesielt gode og sikre
- eit eminent internkontrollsystem ville hindre rømming
Det ser ut som desse føresetnadene ikkje stemmer.
Vi bit oss også merke i at den eminente internkontrollen ikkje var betre enn at lokale fiskarar oppdaga rømminga før verksemda sjølve visste noko.