Leigefartøya «Eros» (bilde) og «Vendla» legg ut frå Bergen 2. juli med dei norske havforskarane om bord. I tillegg seglar fartøy for Færøyane, Island og EU (Danmark).

Startskotet går for makrell- og økosystemtoktet i Norskehavet

I fem veker skal havforskarar frå fire nasjonar kartlegge makrell, sild, kolmule, rognkjeks, plankton, sjøpattedyr, havmiljø og meire til.

Publisert

– Over fem veker skal vi kartlegge eit område på ca. 2.5 millionar kvadratkilometer i Nordaust-Atlanteren. Det er godt over ein runde rundt jorda, seier Hector Peña, havforskar og årets toktkoordinator.

Og det trengst, for makrellbestanden har ei hovudrolle på toktet. Bestanden har stor utbreiing i Atlanterhavet, sjølv om den har blitt noko redusert dei siste åra, spesielt i vestlege område om sommaren.

På det årlege økosystemtoktet trålar forskarane etter makrell. Det dannar éin av fleire viktige indeksar dei brukar til å anslå kor mykje makrell det er i havet. Deretter kan dei seie kor mykje det er forsvarleg å fiske – det vi kallar eit kvoteråd.

Forskningsteamet på "Eros": Sindre Nygård Larsen, Lage Drivenes, Anna Victoria Pyne Vinje, Claudia Erber, Hector Peña, Jane Strømstad Møgster, Anne Margrethe Aase, Timo Meissner og Ørjan Sørensen

Det internasjonale havforskingsrådet ICES anslo sist at gytebestanden for makrell var på 3,4 millionar tonn.

Målar med trål og akustikk

Makrellen har ikkje svømmeblære og står om sommaren spreidd i mindre stimar nær overflata i jakta på dyreplankton. Då gir han svakt ekko. Hovudmetoden for å anslå kor mykje det er av han om sommaren, er derfor å fiske på forhandsbestemte punkt med spesialdesigna trål.

Fartøya registrerer også fleire andre fiskeslag med ekkolodd, hovudsakleg norsk vårgytande sild og kolmule. I toktet er det også lagt inn tre dagar til å undersøke forekomstane av lodde ved Jan Mayen, etter ønske frå fiskerinæringa og Nærings- og fiskeridepartementet.

Toktet har også indeksar for utviklinga til norsk vårgytande sild og kolmule.

Eit økosystemtokt tar "tempen" på heile havet

– Samtidig brukar vi anledninga til å overvake andre forhold i økosystemet. Det er sild og kolmule, hestmakrell, rognkjeks, Atlantisk laks, makrellstørje, kval og dyreplankton. Frå kikkert til mikroskop, med andre ord, seier Hector Peña.

I år blir det også eit ekstra fokus på overvaking av kval undervegs, med fire kvalobservatørar på post kontinuerleg.

– Dette er i samarbeid med Island og Færøyane, finansiert av den nord-atlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO). I tillegg kjem omfattande studiar av havtemperatur, -straum og andre miljøforhold.

Toktet held fram til 5. august. Haforskningsinstituttet vil legge ut uformelle undervegsrapportar på hi.no