Krevjande tider for norsk fiskerinæring
Det årlege reguleringsmøtet i Fiskeridirektoratet vert halde kvart år i byrjinga av november, og i år 6. og 7. november. Årets møte vil bli prega av krevjande tider for norsk fiskerinæring sidan kvotane for mange viktige fiskeslag vil bli redusert.
Kvotane for dei fleste store fiskeslag har hatt ein nedgåande trend dei siste åra og denne held fram også neste år.
– Det blir mellom anna nedgang i kvotane for torsk, hyse, sei og makrell, men litt opp på norsk vårgytande sild. Noko av kvotetapa vil bli kompensert av høgare prisar, men samla sett vil det bli krevjande tider for både fiskarar og mottak i 2025, og kanskje endå nokre år framover, seier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.
Den skandinaviske modellen
Møtet er ein open høyringsarena der alle som har interesse av norsk fiskerinæring kan møte opp og seie si meining. Reguleringsmøtet blir i tillegg strima slik at også alle som vil kan fylgje møtet via Fiskeridirektoratets nettsider.
Slik sett er reguleringsmøtet eit døme på den sokalla skandinaviske modellen der innbyggjarane sin medverknad kan påverke det endelege resultatet.
– På møtet vert regulering av alle dei viktigaste fiskeslag diskutert, men også eventuelle nye reguleringstiltak er oppe til diskusjon. Dette skapar tillit til både forsking og forvalting, og gir legitimitet til reguleringsopplegget for kvar enkelt art, seier Bakke-Jensen.
Totalkvotane av kvart enkelt fiskeslaga i dei ulike havområda (økosystema) vert avgjort i forhandlingar med dei land vi deler fiskeressursane med. Utgangspunktet for avtalte kvotar er brei internasjonal havforsking.
– Dei norske totalkvotane er også utgangspunktet for reguleringsmøtet, men på dette møtet er det meir snakk om fordeling av kvotane og det praktiske reguleringsopplegget knytt til kvar art, forklarar Bakke-Jensen.
Eit omfattande arbeid
I løpet av to hektiske dagar i byrjinga av november skal reguleringsmøtet handsame 28 saker, pluss eventuelt, fordelt over mange hundre sider. Før sakspapir, innspel frå nærings- og interesseorganisasjonar og til slutt referat blir lagt ut på nettsidene til Fiskeridirektoratet og distribuert til dei påmelde deltakarane, har grupper av ulike fagfolk i Fiskeridirektoratet jobba lange dagar og seine kveldar for å sy saman dei 28 sakene.
– Det er eit omfattande arbeid som er lagt ned i løpet av nokre travle haustveker. Fiskeridirektoratet har lang erfaring, heilt frå 1973, på å førebu og gjennomføre reguleringsmøter, og vi kjem i mål kvar gong. Det er difor på sin plass å gje stor honnør til alle som har bidratt til førebuingane til møtet, seier Bakke-Jensen.
Departementet avgjer
Når møtet er avslutta og møtedeltakarane reiser kvar til sitt, meir eller mindre nøgde enn då dei kom, er ikkje arbeidet til Fiskeridirektoratet over. Då skal merknader og synspunkt frå møtet leggast ved sjølve sakspapira som deretter blir oversendt Nærings- og fiskeridepartementet for endeleg avgjerd. Deretter skal vedtaka for kvart enkelt fiskeslag omarbeidast til forskrifter som blir kunngjort fortløpande.