Her er de 20 områdene Fiskeridirektoratet foreslår for utbygging av havvind:
– Prosessen har vært god, men samtidig ganske utfordrende fordi det er så mange viktige samfunnsinteresser vi skal ta hensyn til, sier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.
Det er i en pressemelding at direktoratet opplyser dette.
– Ei direktoratsgruppe legg no fram forslag til SFiskeridirektoratet er med i direktoratsgruppa og skal arbeide for at fiskeri- og havbrukssektorane blir ivaretatt i den vidare prosessen.
Skal bygge ut 30 Gigawatt
Regjeringa har ein ambisjon om å bygge ut havvind i norske havområder som skal gi minst 30 Gigawatt (GW) innan 2040. Under leiing av Norges vassdrags- og energidirektorat legg direktoratsgruppa no fram tilråding over eigna områder for havvind.
– Vi har vore tett på prosessen og har to faste representantar i direktoratsgruppa. Prosessen har vore god, men samtidig ganske utfordrande fordi det er så mange viktige samfunnsinteresser vi skal ta omsyn til, seier fiskeridirektør Frank Bakke-Jensen.
Trongt om plassen
Noreg har store havområder i forhold til storleiken på landmassane, men likevel er det trongt om plassane mange stader på havet og langs kysten. Utbygging av havvind er eit relativ nytt bruksområde som det er brei semje om å utgreie vidare for å imøtekome eit veksande kraftbehov.
– Vår primæroppgåve er å sørge for gode driftsvilkår for fiskeri- og havbrukssektorane slik at dei kan drive sine aktivitetar på tross av at også annan aktivitet vil bruke dei same eller nærliggande områder. Vi meiner vi har fått gjennomslag for mange av våre innspel i prosessen, og dei aller fleste av områda som no vert foreslått ligg utanfor de viktigaste fiskeområder. Vi har også sett på havbruk til havs i rapporten og meiner det kan drivast i samdrift med havvind, gitt at det er sikkerheitsmessig, velferdsmessig og miljømessig forsvarleg, seier Bakke-Jensen.
Treng meir kunnskap
Dei 20 områda som no blir peika ut som eigna til vidare utgreiing for havvind ligg både tett på kysten og til dels langt til havs frå kysten, og vi finn dei utanfor Finnmark i nord til sentrale deler av Skagerrak i sør. Fiskeridirektoratet har tatt dissens på eitt område, kalt «Sønnavind» som ligg tett opp til dansk sektor om lag midt i Skagerrak.
– Her meiner vi at fiskeri vil bli for skadelidande dersom området blir lagt ut til havvind. Eit havområde utbygd for vindkraft vil i praksis bety at fiskeri vil vere utelukka i det same området. Vi ynskjer derfor at dette området blir tatt ut av rapporten. Så er det også slik at vi manglar kunnskap om korleis havvind påverkar fiskebestandane. Denne kunnskapen er det viktig at vi får, seier Bakke-Jensen.
Her kan du se kartet som viser de foreslåtte områdene for havvindutbygging langs norskekysten: