Pressemelding

KVOTERÅD: – Tilliten til kvoterådet er svært liten, sier Stig Østervold, styreleiar i Fiskebåt Sør.

– Det bør gjennomføres loddetokt i 2023

– Havforskingsinstituttet bør sette av midlar til eit loddetokt i Barentshavet i 2023. Tilliten til det rådet som er gitt er svært liten seier.

Det uttaler styreleder i Fiskebåt Sør, Stig Østervold, i en pressemeding.

Vore ein pådrivar

Fiskebåt Sør har vore ein pådrivar for å få på plass eit tokt som måler gyteinnsiget på lodde i Barentshavet.

– Vi er difor skuffa over at dette toktet blei tatt av planen for 2023. Kvoterådet for lodde i Barentshavet er sterkt prega av at loddeforekomstane i russisk sone ikkje blei kartlagt i haust. Det er difor stor usikkerheit til kvoterådet som er gitt, seier Østervold.

Liten tillit til kvoterådet

Han peikar også på at det er uheldig at den norsk-russiske fiskerikommisjonen i sitt møte ikkje diskuterte om det var mogleg å få gjennomført eit gytetokt tidleg i 2023, for å eventuelt kunne korrigere kvoterådet som er gitt.

– Vi er no i ein situasjon der fiskarane sin tillit til kvoterådet er svært liten, noko som også talar for at gytetoktet etter lodde bør bli gjennomført. Det bør også være i forskarane si interesse å kvalitetssikre det kvoterådet som er gitt, seier Østervold.

Uroa over sviktande rekruttering

Norge er opptatt av å sikre eit best mogleg vitskapleg grunnlag for fiskeriforvaltninga, men styreleiaren i Fiskebåt Sør er uroa over at sviktande rekruttering fører til nedgang for fleire av dei pelagiske bestandane. Dette blir også forverra av at det heller ikkje er inngått kvoteavtalar for dei viktigaste bestandane.