Øyepål.

Rår til stopp i fisket etter augepål

Svake årsklassar fører til ein redusert gytebestand for denne vesle torskefisken, noko som er årsaken til rådet om nullfiske etter arten.

Publisert

Det internasjonale havforskingsrådet ICES rår til stopp i fisket av augepål frå neste kvoteperiode. Augepål er ein liten og kortliva torskefisk med sterkt varierande rekruttering, og bestanden er såleis utsett for store svingingar frå eitt år til det neste, melder HI.

– Det har vore to svake årsklassar i 2023 og 2024, og difor har gytebestanden søkke sterkt, seier bestandsansvarleg Espen Johnsen. 

Kvoterådet er gitt for perioden 1. november 2024 til 31. oktober 2025. For Noreg sin del vil rådet gjelde for fiskeriåret 2025, då kvoteperioden er kalenderår. 

Augepålen følgjer same rådgivingsprinsipp som til dømes lodda. Det betyr at ein skal setje kvoten slik at det er 95 prosent sannsyn for at gytebestanden av augepål held seg over føre-var-nivået, når fiskeperioden er omme. 

– Men dårleg rekruttering medfører at sjølv med nullfiske i komande periode, vil ikkje dette kriteriet vere oppfylt, forklarar havforskaren. 

I inneverande kvoteperiode er den internasjonale fangsten på 6873 tonn. Det er den lågaste fangsten sidan 2011 og langt under den tilrådde kvoten på 20 583 tonn.