Pelagisk Forening vil ha refordeling eller fritt fiske på hysa.

Refordeling av hysa i stor kyst?

Pelagisk Forening ber om at Fiskeridirektoratet vurderer om det er grunnlag for å refordela, eller innføra fritt fiske, for kystgruppa mellom 15 og 21 meter og gruppa 21 og 27.9 meter - dette så snart som mogeleg.

Publisert

Pelagisk forening viser til at det i 2023 blei overført ca. 15 000 tonn frå kystgruppa til hav (trål og autoline). Efaringsmessig er hysa meir spreidt frå månadsskiftet august/september, og då vanskelegare tilgjengeleg for snurrevad. Det er difor viktig at ei eventuell refordeling/ opning for fritt fiske ikkje skjer for seint. Det er difor ønskeleg med ei refordeling/ fritt fiske så snart som mogeleg, skriv foreningen.

De viser også til at det for gruppa 21 til 27.9 meter, per veke 23, er fiska 3 818 tonn. Dette er ca. 200 tonn meir enn på same tid i fjor. Rett nok er kvota lågare enn i fjor, men det står framleis 2 935 tonn att i gruppa 21 til 27,9 m gruppa.

I 2023 blei det fiska 2 213 tonn frå veke 23 og ut året, og då var det fritt fiskeri frå sommaren og ut året. For gruppa 15-21 meter er det fiska 6 882 tonn per veke 23, og det står att 3 230 tonn. Pelagisk forening minner òg om at på grunn av stor nedgang i torskekvotane, er andre fiskeri blitt viktigare for flåten, og for norsk verdiskaping.