Carl Aamodt

Eit ekteskap utan tillit

- Det er uverkeleg at et lite mindretal fiskarar internt i Nord Fiskarlag, saman med si leiing, kan komme til å lykkast i å splitte Norges Fiskarlag til det ugjenkjennelege, sa styreleiar i Fiskebåt Sør, Carl Aamodt, då han opna årsmøtet til Fiskebåt Sør i Bergen. 

Publisert Sist oppdatert

- I den betente organisasjonssaka retta han ansvaret mot delar av Nord Fiskarlag. At deler av dette fiskarlaget falt det store felleskapet i ryggen, jobba frem, offentlig gav sin støtte til den politiske omfordelingen og i praksis gjorde den politisk mulig, endret et allerede vanskelig organisatorisk samliv til et ekteskap hvor det ikke lenger finnes noen tillit til den ene parten, sa Aamodt.

Han peika samstundes på at det no er på tide å vere ærlege om desse utfordringane. Aamodt var elles i opningstalen sin innom både kvotemeldinga som blei behandla i stortinget i vår, og økonomiske og biologiske utfordringar som næringa står overfor.