Samme kvotefordeling for brosme og lange
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett regulering for fisket etter brosme og lange nord for 62° N. Totalkvotene er sett til 8071 tonn brosme og 8600 tonn lange.
- Fisket etter brosme og lange nord for 62 grader nord vart kvoteregulert for første gong i 2023, og i 2024 var kvota fordelt mellom fartøygrupper. Reguleringa av fisket har vorte justert i laupet av inneverande år og basert på erfaringa fra i år gjer vi nokre endringar i reguleringa for 2025 for å motverke for tidleg stans i fisket. Kvotane for 2025 er basert på ei føre-var-tilnærming og skal bidra til ei berekraftig forvaltning, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
Totalkvota vert fordelt basert på same fordelingsnøkkel som i 2024, med 36,94 prosent til gruppa under 28 meter og 63,06 prosent til gruppa over 28 meter for brosme, og 53,64 prosent til gruppa under 28 meter og 46,36 prosent til gruppa over 28 meter for lange.
- Reguleringa av brosme og lange er relativt ny. Næringa har hatt store utfordringar i år med å møte avgrensingane som vart sette, og vi har brukt dette året på å innhente kunnskap for å gjere reguleringa meir treffsikker neste år, seier Sivertsen Næss.
For gruppa under 28 meter vil fisket etter brosme gå føre seg som eit bifangstfiske med 30 prosent bifangstgrense på vekebasis frå starten av året. I langefisket i den same gruppa vil fisket gå føre seg som eit bifangstfiske med 40 prosent bifangstgrense på vekebasis frå og med 1. januar til og med 30. april. Fartøykvotane i langefisket for fartøy under 28 meter vert redusert med 24 prosent samanlikna med inneverande år. Når fartøy har fiska si maksimalkvote, eller direktefisket vert stansa, blir det innført ei bifangstgrense på 20 prosent.
For gruppa over 28 meter er det fritt fiske frå starten av året fram til stans i direktefisket for fartøy med deltakarløyve. For fartøy utan deltakarløyve vert bifangstavgrensinga justert til 10 prosent brosme og 10 prosent lange i dei enkelte fangstar og ved landing for stormaska trål, og 15 prosent brosme og 15 prosent lange i dei enkelte fangstar og ved landing for konvensjonelle fartøy.