Noreg og Storbritannia einige om kvoteavtale
Noreg inngjekk i går ein bilateral avtale med Storbritannia for 2025, som inkluderer gjensidig tilgang og byte av fiskekvotar.
– Forhandlingane har gått føre seg i ein svært god tone, og avtalen stadfestar det gode samarbeidet mellom våre to land på fiskeri, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.
I avtalen er den gjensidige tilgangen til å fiske botnfisk i kvarandre sine sonar på 30 000 tonn i Nordsjøen vidareført. Det er òg avtalt tilgang for Noreg til å fiske opptil 20 000 tonn nordsjøsild i britisk sone.Partane har òg avtalt eit avgrensa kvotebytte som tek vare på tradisjonelt norsk fiske i britisk sone utanfor Nordsjøen.
I tillegg til samlekvoten på 30 000 tonn i britisk sone i Nordsjøen har Noreg òg bytt til seg mellom anna 360 tonn blåkveite i britisk sone utanfor Nordsjøen, 560 tonn lange og 200 tonn brosme utanfor Nordsjøen.Avtalen er til stor nytte for norske og britiske fiskarar.
Den lange felles grensa i havet mellom Storbritannia og Noreg medfører at vi i mange år har avtalt moglegheit for at begge partar kan fiske i kvarandre sine farvatn.