Foreslår lavere loddekvote i Barentshavet for neste år
Lav vekst hos lodden og manglende toktdekning på russisk side gjør kvoterådet i Barentshavet lavere enn i fjor. Denne uka fastsettes den endelige kvoten.
Det melder Havforskningsinstituttet.
– Heile førre veke var norske og russiske forskarar samla digitalt for å utarbeide det bilaterale kvoterådet for lodde i Barentshavet i 2023.
Svak loddevekst siste år
Loddeveksten har det siste året har vore svært svak. Norske og russiske havforskarar meiner likevel det er forsvarleg å fiske opptil 62.000 tonn lodde i 2023.
– 2019-årsklassen var i fjor ein av dei mest talrike som nokon gong er målt. Men vekt og lengd for både denne årsklassen og for 2020-årsklassen var i år blant dei lågaste som nokon gong er målt. Den norske sona blei godt dekt og danna utgangspunkt for rådet. Vi berekna bestanden i dekningsområdet til om lag 2,2 millionar tonn, seier havforskar Georg Skaret.
Han sit i den norsk-russiske forskargruppa som gir kvoteråda i år
.Ukjent mengd i russisk sone
Det norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet, er den viktigaste kjelda til kunnskap om loddebestanden.
– Grunna tekniske problem med det russiske fartøyet fekk vi i år inga dekning i russisk sone. Det gjorde arbeidet meir krevjande, seier Skaret.
Lodde er ein kortlivd art og utbreiinga varierer kraftig frå år til år ut frå storleiken på bestanden, alderssamansetting og temperatur.
– Sidan mengda lodde i russisk sone var ukjent i år, har vi sett til år med liknande loddeutbreiing og alderssamansetting i norsk sone. Så har vi lagt dei til grunn for rådet for å kompensere for årets manglande dekning i russisk sone, forklarer Skaret.
Prøvde å framskrive bestanden
Forskarane undersøkte også ei alternativ tilnærming med å framskrive bestanden basert på fjorårets målingar. Det gav eit liknande resultat.
– Den manglande dekninga fører til større usikkerheit i anslaga våre og dette er reflektert i rådet, seier Skaret.
Denne veka møtest Norge og Russland til digitalt møte i den norsk-russiske fiskerikommisjon og loddekvota for neste år vil då endeleg bli fastsett.