Fiskeridirektoratet har fått bekymringsmelder om at det går føre seg en del ulovleg omsetning av kamskjell.

Meldingar om ulovleg sal av kamskjel

- Bekymringsmeldingar vi har mottatt, tyder på at det går føre seg ein del ulovleg/svart omsetting av kamskjel. Det melder Fiskeridirektoratet.

Publisert

Direktoratet melder vidare at dette kan skuldast både mangel på kunnskap og bevisst handling frå dei som dykkar etter kamskjel. Både store og små mengder kamskjel skal registrerast for å sikre både mattryggheit og bevaring av marine ressursar, presiserar dei.

Kjøper du fisk og skaldyr frå privatpersonar? Det kan vere ulovleg. Alt sal av fisk og skaldyr skal registrerast og kontrollerast. Det er krav om særskilt løyve frå salslaga til å drive sal direkte frå fiskar til forbrukar. Fangsten skal registrerast på landings- og sluttsetel. Setlane er viktige for å sikre ei berekraftig forvalting av dei marine ressursane våre, skriv Fiskeridirektoratet på si nettside.

Setlane vert mellom anna også brukte til reguleringar, stans i fiske, ressurs- og kvotekontroll, statistikk og forsking. For detaljhandelen er det er ikkje tillate å omsette eller ta imot kamskjel direkte frå dykkar/fiskar. Dette gjeld både for større og mindre mengder av kamskjel. Det gjeld også for fritidsdykkarar som vil tene seg litt pengar på hobbyen sin.

Alle artar av skjel, som vert hausta for omsetning, skal vere trygge å ete. Frå naturen kan skjel få i seg algetoksin, bakteriar, virus og miljøgifter ved filtrering av vatnet dei lever i, og skjel kan derfor gjere oss sjuke. Regelverket krev at all fangst skal gå via fiskemottak/ekspedisjonssentral, som skal vere godkjent av Mattilsynet for mottak, handtering, pakking og merking av kamskjel for vidare sal.

Mottaket er ansvarleg for at alle kamskjel som går ut på marknaden er kontrollerte for dei farar som kan gjere oss sjuke. Mottaket må ovanfor Mattilsynet kunne dokumentere kvar og når kamskjela er hausta og vise til gyldige analysebevis for kontroll av farar.